
- Vi har våra klara barnestemmer kvar
Foto Bjørnar Tollaksen- Eg treff masse kristne menneske og får bli meir kjend med Gud. Det er knallkjekt! seier ein av deltakarane på IMPULS 05 i Stavanger.
Nesten 3000 ungdommer var i helga samla til den årvisse ungdoms-konferansen i IMI-kirka i Stavanger.
Eldsjel bak arrangementet er Halvor Lindal:
- Kjære Gud, kor kjem alle desse folka frå, seier Lindal.
- Og takk Gud for at vi kan få gje dei ein visjon om det å vere ein etterfølgjar av Jesus og kva det kan bety, seier IMPULS-leiaren.
I etterkant av IMPULS blir det arrangert leiar-dagar med i overkant av 200 ungdomsleiarar.
- Mi erfaring er at leiar-dagane på lengre sikt betyr meir enn sjølve IMPULS-helga for det å bygge ungdomsarbeidet og gje ein visjon for korleis ei kirke kan vere, seier Bjørnar Tollaksen, som har lang fartstid på Impuls.
- Og så er det viktig for meg at Impuls har gitt oss ein ny lovsangsstil som passar ungdom veldig godt, og med norske tekstar, det har det vore stort behov for, seier Tollaksen.