
Jaime Jeremias Matsimbe med sin kortbølgeradio med sveiv, lyttar kvar kveld til Vegen gjennom Bibelen på sitt eige språk.
Foto Kevin Sullivan/Washington PostDersom du ser for deg skumring i ein skog av mangotre og palmetre - og dersom du ser ein middelaldrande mann som sit utanfor huset sitt i bushen i Mosambique, og med ein liten kortbølgeradio med sveiv: Det er kanskje Jaime Jeremias Matsimbe.
Washington Post har vore på besøk og møtt Matsimbe, som drar plastsveiva på radioen rundt og rundt for å få straum. Og snart kjem det ein stemme ut gjennom radioen, som snakkar om Jesus og Paulus. Saman med lyden frå geiter og kalkunar høyrest stemmen frå radiopastoren ut over den vesle gardsplassen.
- Eg er glad for den personen som har brakt oss denne bodskapen, seier Matsimbe, som er bonde og har 24 barnebarn. Sendingane er på det lokale språket, som blir snakka av berre rundt ein million menneske.
- Det får oss til å føle at der er nokon som bryr seg om oss, seier han.
Stadig fleire nasjonale og lokale stasjonar
I fleire delar av verda er det framleis radio som gjeld. Sjølv om Internett og satellitt-TV på verdsbasis blir stadig meir vanleg, er det i mange utviklingsland radio som er det einaste som er tilgjengeleg.
Av verdas 314 radiostasjonar som har lisens til å kringkaste over landegrenser, er det 83 som er religiøse radiostasjonar. I tillegg har det sidan 90-talet vore ein enorm vekst av meir lokale radiostasjonar, både i Afrika og Asia. Eit av dei største sendenettverka, Trans World Radio, sender i dag kristne program på rundt 2.800 radiostasjonar verda over, opp frå 1.600 i 2001.
Om kvelden kjem det einaste lyset frå ei parafinlampe eller frå månen. Det er tre år sidan Matsimbe oppdaga dette radioprogrammet, som heiter Vegen gjennom Bibelen, og som er omsett til 108 språk. I dag snakkar radiopastoren om å leve etter kristne verdiar kvar dag.
Hjelp til å slutte fred med naboen
- Det gir meg ei god oppleving. Eg ønskjer å bli som Paulus sjølv, seier Matsimbe. Han går også i kyrkja, sjølv om det tar ein time å gå dit. Ja, han går oftare i kyrkja no etter at han byrja å høyre på radiosendingane. Men han synest at radioprogrammet som kjem kvar kveld utfyller søndagens gudsteneste.
- Radioen forklarar ting godt, seier Matsimbe, med barnebarnet på fanget. Han fortel at han på radioen har fått hjelp til å oppdra barna, og til å gjere slutt på konfliktar med naboane.
Frå naboane lyser det bål som er tent for å lage mat. Også dei har vore samla rundt radioen i den afrikanske natta for å lytte.