English Français Español
18.05.05 kl. 08:05

Arabisk kristensamling direkte på satellitt-TV

Kristne i Egypt var sameint med kristne verda over 1. pinsedag. TV-kanalen SAT-7 sendte direkte frå Kairo i samband med internasjonal bønedag.
SAT-7 Mottakem 2005
- Mange ser på kristne i Midt-Austen og Nord-Afrika som fjerne søskenbarn, seier Terry Ascott, dagleg leiar for SAT-7.

- Så dette var ei flott anledning til å vise at arabisk-talande kristne er likeverdige deltakarar og bønepartnarar, seier Ascott til SAT-7 sitt nyheitsbrev.

1. pinsedag var i fleire land ein internasjonal bønedag, etter initiativ frå Global day of Prayer. I Egypt var det arrangement i den kjende hulekyrkja i Mottakam i Kairo, der det er plass til meir enn 10.000 menneske. SAT-7 sendte tre timar på direkten derifrå.

SAT-7 Mottakem 2005
I forkant av direktesendinga vart det kringkasta eit eige program om forhistoria til denne bønedagen, eit program der også arabiske kristne leiarar frå ei rekke kyrkjesamfunn oppfordra til å delta i bøn.

Kristne i meir enn 200 land var involvert på bønedagen 1. pinsedag.

Sjå også: 300.000 i Saudi-Arabia seier ja til kristen-TV
Sjå også: På direkten for første gong
Norea Mediemisjon, Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand, Norway; Besøksadresse: Bergtorasvei 120
Tlf: 38 14 50 00; Faks: 38 14 50 20; e-post: postnoreano
Daglig leder og nettredaktør: Tore Askildsen


VidSyn utviklet av NLM IKT Service