Foto: Illustrasjonsfoto: Luth
SAT-7:

Rasande mann på tråden

Av Elisabeth Lillebø Sæth
Publisert 03.05.2012

Den muslimske sjåaren hadde sett Jesus-filmen på arabisk. No ville han seie sin hjartans meining til SAT-7 sin medarbeidar.

Gjennom TV-program i mange sjangre ynskjer Noreas samarbeidspartnar SAT-7 å vitne om Jesus, oppmuntre den truande og gjere kristendommen relevant i sjåarane sine liv. Gjennom fleire oppfylgingssentre kan sjåarane ta kontakt om dei ynskjer å respondere på det dei har sett.

Skjelte ut rådgivaren

Ein dag fekk eit av SAT-7 sine oppfylgingssentre ein telefon. Ein mann ringte senteret, fullstendig rasande. Han hadde sett Jesus-filmen på den arabiske kanalen, og no ringte han for å skjelle ut personen i den andre enden av røyret. - De kjem til å gå rett i fortapinga på grunn av alle desse løgnene som de spreier!

Etter å ha lytta i ti minutt på dei sinte utropa til mannen, svarte rådgivaren venleg. – Tusen takk for at du ringte. Eg set pris på at du tok bryet med og har brukt ein del pengar på å fortelje om meininga dine. Du må gjerne ringe attende ein annan gong.

Ti minutt etter ringte han igjen. – Eg vil gjerne be om unnskyldning for at eg snakka til deg på den måten. Men det er ein ting du må forstå. Er du klar over korleis de skakar ved grunnfjellet av vår tru? Korleis kan vi vite kva som er sant her? Korleis kan vi vite om sanninga er det vi alltid har trudd og blitt lært opp i, eller om det er det de fortel om på skjermen? Kvinna på oppfølgingssenteret svarte:   - Eg veit om ein som kan hjelpe deg. Kan ikkje du be til Gud og be Han kan syne seg for deg? At Han skal syne deg kva som er sanninga?

Han møtte Jesus

Det gikk to dagar. Så ringte mannen igjen. – Eg gjorde akkurat som du foreslo. Eg bad til Gud, og Jesus synte seg for meg! No veit eg kven den sanne Gud er! Mannen ynskte seg ein Bibel. - Eg vil så gjerne bli kjend med Jesus, sa han.

Gjennom å vere partner i SAT-7 er Norea med og gir håp og tru til menneskje i Midtausten og Nord-Afrika. Meir enn 8 millionar ser fast på programma som blir sendt via satellitt på fem forskjellige kanalar.


Kilde: Sat-7.org

 

Relaterte lenker
 
Illustrasjonsfoto
Når Qelibare syr klær, står radioen på, og når kundene kommer, forteller hun dem om Gud. Kristne radioprogram har også hjulpet henne på hjemmebane, slik at hennes sjenerte ektemann nå tør å gå til kirka.
Les mer
Nyeste artikler:
Norea Mediemisjon på Instagram
Instagram

Lær mer om våre prosjekter

YouVersion

Uansett hvor du er, gir YouVersion mobil deg tilgang til bibelen, bibelleseplaner og et nettsamfunn.

Kontakt Norea

Norea Mediemisjon, Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand, Norway

Besøksadresse: Bergtorasvei 120

Tlf: 38 14 50 00;
Faks: 38 14 50 20;
e-post: post@norea.no